søndag 8. oktober 2017

Olaug Nilssen: Tung tida tale (Roman, personlig beretning)


Au, au, dette var ei utroleg sterk bok å lesa. Allereie på dei første sidene måtte eg ty til tårene. Eg har eit barnebarn som har autisme, og eg kjenner att så mykje av det Olaug Nilssen skriv om. 
"Men så orkar eg likevel, ikkje berre orkar, eg må, eg lar det velte ut som ei høg, hakkede sirene, UTAGERING SJØLVSKADING AVFØRING alltid upassande bresteferdig, alltid uartikulert TIMEVIS MED LYDAR NATT SOM DAG. Vennene mine rømmer unna, ALT I MUNNEN, GIFT, SIGARETTSNEIPAR,  STEIN dei skvett redde inn i lukka ansikt ALLE TING BLIR ØYDELAGTE og kjem ikkje ut."
Det er dottera mi eg tenkjer på. Ho opplever dette kvar dag, kvar natt. Frustrasjon og sinne, det å kjenne seg hjelpelaus i forhold til byråkratiet og reglane. Kampen for å få den rette hjelpa til sonen. Kjensla om å verte utanfor samfunnet, da alt handlar om barnet.

Det er ikkje lett å skrive om ein sårbar son, ein liten gutt som ikkje passer inn saman med andre, men som har fått ein diagnose som alle skal forhalde seg til. Og er diagnosen riktig? Må den vere slik for at ho skal få dei rettigheitane ho har krav på?  Olaug Nilssen skriv om korleis ein heile tida spør seg om ein prøver "hardt nok". Det er nok av teoriar som fortel om kva du skal gjere, kva du ikkje skal gjere. Det er også ein kamp mot den vesle sonen. For han er sterk, han klemmer, slit, slår og held fast. Ikkje lett for ei mor å handtera dette, særleg når ho har mindre barn som krev omsorg attåt. 
"-Han blir sterkare, vi merker at han blir sterkare, atletisk. etter all aktiviteten. Her og no kan eg berre kjenne det, med heile meg, einsemda i å begynne å tenkje tanken, tanken på at eg ikkje kan vere åleine med deg."
Med eit barn som har utagerande oppførsel må ein alltid vere "føre var". Ein må legge til rette for at samvær med andre barn vert trygt, og at barnet sjølv får den oppmerksomheita han treng. Den vesle sonen til forfattaren har ein form for autisme som er særs vanskeleg å forhalde seg til. Ein regressiv autisme, der han taper fleire av dei ferdigheiter han hadde utvikla. Mellom anna språket. 

For meg vart dette ei av dei sterkaste historiane eg har lese på lenge. Her ligg det mange refleksjonar rundt det å ha eit annleis barn. Om kvardager, og netter, som ingen kan tenkje seg finnst. Det er i bok som handlar om det å kjenne seg utsliten og oppgjeven, om å bli på "utsida" av det sosiale livet i samfunnet. Men det er også ei bok som handlar mykje om kjærleik og samhald. Hjarteskjærande vakkert, men også trist og sårt. Ei bok eg skulle ønskje mange ville lese!

tine har også skrevet om boka.

Samlaget
2017
155 sider
Nynosk
Lesareksemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar